Vintereventyr på Trolltunga

1. oktober – 31. mai

Photo: Visit Hardangerfjord

Tid for vintereventyr på Trolltunga!

No er det vinter i vakre Hardanger. Vintermånadene er truleg den mest eksotiske tida å oppleve Trolltunga. Vinteren byr på flotte soloppgangar og solnedgangar, og den djupe freden på det snødekte høgfjellet må opplevast. Men snø og is, vintervêr og korte, kalde dagar kan vere ei stor utfordring – ein skikkeleg ekspedisjon! Går du turen med dei erfarne fjellguidane til Trolltunga Active eller Trolltunga Adventures, kan du vere trygg på at du vil klare turen.

Fjellguidane i Trolltunga Active starta opp allereie i romjula, og dei har fleire vintereventyr på menyen. Trolltunga Vintertur er ein heildagstur. Du kan òg velje Trolltunga Solnedgang-Soloppgang Vinter, to-dagarstur med overnatting i eit Arctic Dome «glamping»-telt i leiren deira på høgfjellet. Endå eit alternativ er å kombinere den guida fjellturen med overnatting i ei tradisjonell fjellhytte – Trolltunga Winter Cabin Experience.

I mars kjem Trolltunga Adventures i gang med sitt vinterprogram.

Trolltunga Arctic Dome.
Foto: Trolltunga Active

Snøen ligg lenge på høgfjellet i Hardanger. Difor vert vinterturane til Trolltunga arrangerte dagleg heilt fram til 31. mai, såframt det er nok deltakarar og vêret er trygt. Truger, stavar og stegjern får du låne av fjellguidane.

Utfordringa varierer med snømengd og istilhøve. På dagar med mykje sleip is er det ikkje trygt å gå ut på sjølve Trolltunga, men då er det likevel gode fotoalternativ for dramatiske blinkskot i nærleiken.

Foto: Trolltunga Active

Om turen til Trolltunga synest for tøff eller for lang, byr Trolltunga Active på fleire andre spennande aktivitetar. Ta ein titt på selskapet sin innhaldsrike vintermeny! Vinterprogrammet til konkurrenten kan du sjå på nettstaden til Trolltunga Adventures.

Foto: Visit Hardangerfjord

Trolltunga ser spesielt majestetisk ut når berget er dekt av snø!

Trolltunga i vinterdrakt er ei oppleving for livet! Om vinteren er fjellet herleg urørt og nesten folketomt. På denne tida av året vil du ha Trolltunga nesten for deg sjølv. Sant nok er forholda då mest utfordrande, og risikoen for brå vêrendringar krev god førebuing. Heldigvis vil erfarne guidar sørgde for at du får oppleva eit trygt og minneverdig natureventyr.

Foto: Trolltunga Adventures

I løpet av dagen blir lyset endra. Kanskje får du sjå ein fargerik solnedgang og like etter oppleva det heilt fantastiske lyset som blåtimen er kjent for, før det blir heilt mørkt. Turen blir avslutta med ein spasertur i mørket. Kanskje er det stjerneklart og fullmåne, men det kan òg vera regn, tåke, snø eller vind.

Foto: Trolltunga Active

På denne tida av året er vêrforholda i stadig endring. På den steinete løypa kan såpeglatt is vere skjult like under snøen. Guidane passar på at du har nødvendig utstyr (broddar eller trugar).

Foto: Trolltunga Active

Dagane er mykje kortare om vinteren – derfor har alle hovudlykt. Guidane tek seg god tid og er nøye med å følgja løypa. Snø og tåke kan gjere det vanskeleg å sjå vardane og løypemarkørane, og sjølv ved hjelp av GPS eller kart og kompass er det utfordrande å finna ruta. Om vinteren krev fjella verkeleg erfaring.

Foto: Trolltunga Active

Utleige av vandreutstyr

Trolltunga Active leiger ut vandreutstyr.

Du bør berre gå med guide om vinteren!

Lokale guideselskap:

Trolltunga Active
Trolltunga Adventures

Foto: Trolltunga Adventures

Foto: Trolltunga Active

Foto: Ole Fiksdal / Trolltunga Adventures

Foto: Falke Omdal

Vinter aktivitetar:

Trolltunga Winter Hike

Velkommen til en fantastisk vinteropplevelse! Bli med på vår vintertur til Trolltunga, ta på deg trugene, opplev Trolltunga og et spektakulært vinterlandskap dekket av is og snø. Trolltunga Active har arrangert guidede vinterturer til Trolltunga siden 2015. Våre profesjonelle guider har lang erfaring i ferdsel i vinterfjellet, de vil dele sin kunnskap, vise hvordan man trygt kan vandre om vinteren, forberedelse, vurdere snøskredfare, «lese» været. Våre guider vil alltid sette din sikkerhet først, og sørge for at du får en trygg tur, fra start til slutt. Alt mens du nyter dette fantastiske vinterlandskapet. Dette er en vintertur du vil huske for alltid!

Photo: Trolltunga Active

Trolltunga vinter

Bli med Trolltunga Adventures for et vakkert vintereventyr til Trolltunga. Det er virkelig unikt og magisk å oppleve Trolltunga når alt er dekket av snø. Ja, det er kaldt, men absolutt verdt det! Dette blir et eventyr du aldri vil glemme.

Turen til Trolltunga byr på spektakulær natur med utsikt over fjell, fjorder, dype daler, fosser og isbreer.

Vinter og vår på Trolltunga er en unik opplevelse med få turister i fjellet, krystallklar luft og flere meter snø. Guiden vil servere deg en deilig lunsj, varm drikke og lokal snacks. Trolltunga Adventures sørger for at du er trygg og koser deg på turen. Velkommen på vårt vintereventyr!

Foto: Trolltunga Adventures

Trolltunga Sunset/Sunrise  Winter

Opplev norske fjell på nært hold denne vinteren. Etter en guidet ekspedisjon til Trolltunga, overnatter vi i vår Trolltunga Arctic Dome; den ligner en iglo, men har gjennomsiktige vegger og tak. Det er en uforglemmelig opplevelse hvor du vitner både solnedgang og soloppgang over det nydelige snødekkede landskapet

Foto: Trolltunga Active

Trolltunga Winter Cabin Experience

«Å dra på hyttetur» er djupt forankra i norsk kultur. Vi nordmenn ber på ein draum om det enkle, ukompliserte hyttelivet der vi kan flykta frå maset og kjaset i kvardagen.

I vinter er du invitert med på Trolltunga Vinterhytteoppleving. Dette kombinerer den guida vinterturen til Trolltunga med overnatting i ei tradisjonsrik hytte på fjellet, morosame vinteraktivitetar og ein god middag framfor peisen. Trolltunga Active sin erfarne fjellguide byr på gode historier, kunnskap og personleg service som sikrar ei minneverdig oppleving av «hyttetur på vinterfjellet».

Foto: Trolltunga Active

Cross Country Skiing Course

Oppdag hvorfor langrennsski er den mest populære vinteraktiviteten i Norge! Bli med Trolltunga Active for å utvikle de grunnleggende ferdighetene innen langrennsski, og lær de mest effektive teknikkene. I tillegg garanterer vi store mengder med vintermoro!

Foto: Trolltunga Active

Seljestad and Røldal Cross Country Skiing Resort

Korlevoll på Seljestad er lett tilgjengelig med adkomst til løypenettet frå E 134 kor det er god parkering. Løypenettet er godt preparert frå den fyrste snøen kjem. Løypene følgjer lysløypa som er tent frå tidleg ettermiddag og til omlag 20.00 måndag til fredag. Preparerte løyper innover fjellet kjem litt seinare på vinteren. Då kan du gå kilometer etter kilometer og berre nyta viddene.

Foto: Seljestad og Røldal løypeselskap

Trugeturer

Du vil oppleve et variert landskap med fjell dekket av snø, krystallklare fjorder og imponerende frosne fosser. Våre vellkvalifiserte guider vil ta deg til en opplevelsesrik tur. Dronningstien, Oksen og Husedalen besøkes vanligvis bare om sommeren, men er like imponerende om vinteren. Kom og opplev den spektakulære naturen om vinteren!

Foto: Trolltunga Active

Røldal Skisenter

Røldal Skisenteret er rekna som blant dei beste områda i heile Noreg når det kjem til off-piste og frikøyring. Kanskje ikkje så rart med tanke på at heile skisenteret ligg over tregrensa. Det gjer at Røldal Skisenter, i tillegg til å vera blant dei mest snøsikre skianlegga i Noreg, ikkje er bunde fast til tronge trasear i skogen. Her kan du boltra deg akkurat kvar du vil i fjellet med om lag 12 nedfartar og ei samla lengde på 15 kilometer.

Foto: Røldal Skisenter