© Trolltunga Active
Sommersesong 2023
Vi anbefaler gode fjellstøvler, solbriller og solkrem.
Utleie av vandreutstyr
Trolltunga Active leier ut vandreutstyr.
Guidet tur
Kontakt guideselskapene Trolltunga Active eller Trolltunga Adventures direkte for guidet tur!
Vêret på Trolltunga
Vêret på fjellet kan skifte brått.
Ta omsyn til det når du pakker sekken.
Les heile vêrmeldinga nøye.
KUNDEUNDERSØKELSE:
Gjekk du til Trolltunga i år? Eller vurderte du å ta denne fjellturen?
Ta del i kundeundersøkinga og bli med i trekninga av klede frå Helly Hansen – til ein verdi av kr 5000!
Vinnaren blir trekt 17. oktober 2023.
Konkurransen er ikkje sponsa, støtta, administrert av eller har noka tilknyting til Facebook.

© Trolltunga Active
TROLLTUNGA
Noregs mest spektakulære fjellformasjon
Trolltunga, den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg, stikk ut frå berget 700 meter over Ringedalsvatnet. Det vesle steinplatået er ein del av den vestlege avslutninga av Hardangervidda og vart forma av isen som dekte store delar av Skandinavia gjennom fleire istider.
Turen opp til Trolltunga (1180 moh.) går for det meste i høgfjellsterreng og er lang og krevjande. Men du får løn for strevet – der oppe ventar eit praktfullt utsyn.
Frå hovudløypa ved P2 i Skjeggedal har du ein 27 km rundtur med ein høgdeskilnad på nesten 800 meter. Estimert gangtid er 8–12 timar.
Du kan òg starte frå P3 Mågelitopp. Derifrå er rundturen på 20 km og høgdeskilnaden omtrent 320 meter. Estimert gangtid er 7–10 timar.
Turgåarar må vere i god fysisk form og ha skikkeleg utstyr.



Bruker du drone, må du fylgje regelverket – og aldri utsetje nokon for fare.
Ta omsyn til andre turgåarar. For deira tryggleik ber vi deg om ikkje å fly drone når fleire folk er til stades på sjølve Trolltunga.
Alle dronepilotar bør registrera seg på AVINORS nettside.


PLANLEGG TUREN
Nyttige opplysningar om fjellturen, parkering, skyttelbussar med meir.
AKTIVITETAR
Klikk her for å utforske tilboda i nærleiken av Trolltunga. Her finn du overnatting, aktivitetar og attraksjonar.

© Sveinung Klyve
Trolltunga om sommeren:
Turen til Trolltunga – tryggleik er viktigast:
Gode råd for fjellturen
ALLTID
- Ta med rikeleg med mat og drikke.
- Ta med klesskifte og vind- og vasstette klede.
- Hald dykk saman – la ikkje nokon vandre på eiga hand.
- Ta vare på naturen vår! Ver venleg å ta med deg alt bosset ditt frå turen – også brukt toalettpapir – og kast det i bossdunkane på parkeringsplassen. Små bossposar får du hjå bussjåføren.
- Sørg for at teltleir og toalettbesøk er nedanfor stien og i god avstand frå bekkar og vatn.
Aldri
- Fest ikkje klistremerke på skilt eller informasjonstavler. Informasjonen er livsviktig for alle turgåarar.
- Tenn ikkje bål mellom 15. april og 15. september.
- Unngå forureining av bekkar og vatn!
- Det er forbod mot camping ved parkeringsplassane.
TROLLTUNGA
Autorisert som Nasjonal turiststi!
Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Hit kjem det turistar frå heile verda. I slutten av juli 2021 vart Trolltunga autorisert som Nasjonal turiststi.
– Vi er glade for at vi no kan autorisera Trolltunga som Nasjonal turiststi, eit verdskjent ikon der naturens eige verk utgjer attraksjonskrafta, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn under markeringa av Trolltunga som Nasjonal turiststi.
Foto: Åse Marie Evjen

© Photo: Sverre Hjørnevik / Fjord Norway
Trolltunga på Facebook
Oppdatert informasjon om forholda på stien til Trolltunga.
Trolltunga på Instagram
Vi gjer deg både inspirasjon og informasjon.
Utforsk #trolltunganorway og #trolltunga på Instagram: