Woman jumping in air

AKTIVITETAR I ULLENSVANG

© Photo: Iryna Inshyna / www.shutterstock.com

AKTIVITETAR I NÆRLEIKEN AV TROLLTUNGA

Indre Hardanger byr på mange flotte opplevingar og spennande aktivitetar i storslått natur.
For å utforske kva opplevingar og aktivitetar som freistar, kan du gå inn på desse offisielle nettsidene:

Du kan padle i kajakk på Sandvinvatnet, eller bli med på tur i ein RIB-båt på fjorden i raskare tempo. Fotturen til vakre Bondhusvatnet kan òg anbefalast. Fjellturen langs Dronningstien, frå Kinsarvik til Lofthus, leiar deg frå det eine flotte utsynet til det andre. Og kva med Sider Safari der cruise på fjorden vert kombinert med sidersmaking og omvising i frukthagen til ein av dei lokale eplebøndene?

Ta deg tid til å utforske den vakre Folgefonna nasjonalpark. Sjølv i juli kan du stå på ski på Folgefonna – eller bli med ein erfaren førar på tur over breen.

Vil tilrår at du tar Trolltunga-turen med ein erfaren guide. Fleire gode aktørar byr på organiserte turar på høgfjellet, med overnatting i flotte leirar. Vil du ha ein skikkeleg utfordring, kan du ta Trolltunga Via Ferrata, der du med guide klatrar oppover fjellsida!

Fotturen til Trolltunga er ein heildagstur, så vi tilrår sterkt eit opphald på to netter i nærleiken. Ta deg tid til å nyte sanseinntrykka frå Trolltunga og andre naturopplevingar i Hardanger.

Du kan lese om fleire aktivitetstilbod på desse offisielle nettsidene:

www.hardangerfjord.com/ullensvang
www.hardangerfjord.com

Aktivitetar nær Trolltunga:

Trolltunga Active

Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga med bærekraft, høg kvalitet, wow-faktor og ikkje minst tryggleik i fokus. Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active.

Foto: Trolltunga Active

Trolltunga Adventures

Trolltunga Adventures har i en årrekke levert guidede overnattingsturer til Trolltunga med fokus på høy kvalitetsopplevelse. Pga. Corona-krisen har Trolltunga Adventures tenkt nytt og laget ulike familiepakker. Turene kan tilpasses etter ferdigheter, ønsker og pris. Besøk vår hjemmeside.

Foto: Trolltunga Adventures

Trolltunga Via Ferrata

Vil du ha ein meir utfordrande oppleving? Då er Trolltunga Via Ferrata perfekt! Vi klatrar 250 meter Via Ferrata-ruten, før vi går dei siste 3 km fram til sjølve Trolltunga. Turen ned att går via Trolltunga-stien.

Photo: Algirdas Zabitis

Photo: Algirdas Zabitis

Tyssedal Via Ferrata

Ein får kjenne på kroppen den kvardagen som møtte rallarane som bygde ut vasskraftanlegga, då dei sikra fjellkonstruksjonar, støypte betong fundament, handmeisla murstein og etablerte røyrgata. Ei innføring i norsk historie innanfor ei fantastisk naturramme.
Trolltunga Active inviterer til ei spektakulær klatreoppleving i Tyssedalsfjella!

Foto: Trolltunga Active

Cliff camping over fjorden – NY

Tilbring natten hengende i et telt på utsiden av en klippe høyt over fjorden!
Fra leiren har du utsikt over isbreen Folgefonna samtidig som du kan nyte middagen din. Disse teltene ble i utgangspunktet utviklet for
profesjonelle fjellklatrere på sine flere dagers klatringer, men passer veldig godt til andre eventyr også! På turene våre har du med deg en erfaren guide, så du trenger ikke tidligere klatreerfaring – kun en god dose eventyrlyst.

Foto:  Estangard

Fjordcruise med RIB – Trolltunga Active

Bli med på ei fartsfylt oppleving i fjordlandskapet! Trolltunga Active har RIB-safari, ein tur som kombinerer natur, historie og kultur. Turen startar i Odda sentrum og fortset utover Sørfjorden, på vegen passerer ein Kraftmuseet i Tyssedal før turen går vidare til den kjende fruktkommunen Ullensvang. Undervegs fortel guiden historier om naturen og kulturen i området.  Turen varar om lag 1,5 time. Barn som er 12 år eller yngre kun i fylgje med ein vaksen.
Dagleg i tidsrommet 24. juni til 15. september.
Frå 5. mai til 23. juni: fredag, laurdag og søndag.
Avgangar: 09:30, 11:30, 14:30 og 16:30

Foto:  Trolltunga Active

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

Sommarskisenteret FONNA Glacier Ski Resort ligg på isbreen Folgefonna. Her er alpinløyper for heile familien, freestylepark, langrennsløyper og mogelegheit for trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen. Den 19 km lange vegen frå Jondal sentrum til Folgefonna er ei naturoppleving i seg sjølv. Følg skilting Folgefonna frå Jondal sentrum. På Fonna er det ski- og trugeutleige og kafè. Kun to timar køyretur frå Bergen.

Foto:  Daniel Tengs

Folgefonni Breførarlag

Aktivitetstilbod både i og utanfor Folgefonna nasjonalpark. Bli med på bretur i Juklavassbreen, vel mellom ulike nivå.  Breklatretur frå Botnabreen til Jordalsbreen. Breføring mellom Fonnabu og Holmaskjer, historisk turistveg over Folgefonna.  Kajakkpadling på fjorden og brekajakk.

Foto: Folgefonni Breførarlag, Jondal © Désiré Weststra

Dronningstien – H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonja er ein erfaren turgåar og Dronningstien er ein av favorittane i Hardanger. Turen går i høgfjellet mellom Kinsarvik og Lofthus, undervegs er det fantastisk utsikt over Sørfjorden. Turen er lang og krevjande med ei ei bratt nedstigning mot Lofthus. Undervegs går du gjennom skog, høgfjell og frukthagar. Følg grusvegen frå Røte opp til Heng 750 moh. Frå Heng er stien merka med blå D’ar (D for Dronning). Siste delen av turen, inkludert Munketreppene, ned mot Lofthus er merka med raude T’ar.

Foto:  Celine Jessen / Algirdas Zabitis

Bondhusvatnet / Bondhusdalen og Bondhusbrea

Bondhusvatnet: Grøn. Lett fottur. Godt eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
Bondhusbrea: Blå. Moderat krevjande.
Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved fylkesvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor.

Foto:  Åse Marie Evjen

Historisk kajakktur på Sandvinvatnet

Ein kajakktur på Sandvinvatnet er ein tur gjennom norsk historie. Innsjøen er omgitt av eit vakkert kulturlandskap. Det blir sagt sa at denne innsjøen og landskapet inspirerte måleriet «Brudeferd i Hardanger». Du passerer Tjørnadalsfossen og Strandsfossen og dessutan Buarbreen. Fjella stig frå innsjøen med breen Folgefonna som kviler på toppen. Du er midt i alt dette, og opplever alt frå kajakken din.

Foto: Trolltunga Active

Brevandring på Buarbreen

Kvar dag i sommar kan du bli med på kort brevandring. Det krev inga forkunnskap. Du får låne utstyret du trenger og blir tatt godt vare på av guiden din. Turen frå Buer til Buarbreen er ein variert tur gjennom kulturlandskap og skog. Her er mykje vatn, hengebru og fleire andre bruer og tau til å klatre i opp over berga. Ved den blå hytta ved breen møter du guiden og får tilpassa utstyr.
Sesong: Sommar
Tidspunkt: kl. 10 og 14
Alder: 13+
Total tid: 6 timar. Ca. 3 timar med guide.
NB! Ca. 1,5 time gange på eigahand frå/til parkering før og etter guida brevandring.
Pris: Kr 1090,- per person
Parkering: Buer, 9 km frå Odda sentrum
Utstyr: Ha med jakke, bukse, hanskar, gode fjellstøvlar, mat og drikke.
Booking: buarbreen.no

Buer restaurant er open kl. 10–22.30. Her kan du kjøpe med rykanede ferske kanelsnurrar til turen, ete lunsj (13–15.30) eller booke bord for middag frå kl. 17.30
Informasjon og booking på buer.no

Fjordcruise og sidersafari

Kombiner eit unikt fjordcruise på Sørfjorden med besøk på sidergard. Velg mellom avgang frå Odda eller Lofthus.

Opplev Hardanger på den rette måten. Besøk ein av dei mange frukt og sidergardar, og ta del i tradisjon og kultur. Smak på noko av det beste Hardanger har å by på.

Foto: Øystein Haara / The Fjords

Fjordcruise på Hardangerfjorden

Kom tett på nasjonalromantikken medan du glir innover Hardangerfjorden og postkortlandskapet i Noregs største frukthage. Majestetiske fjelltoppar, kontrastfylte isbrear, sjarmerande bygder og hundretusenvis av frukttre. Det er lett å forstå kvifor Sørfjorden har vore eit ynda reisemål sidan 1800-talet.

Hardangerfjorden er med sine 183 km Noregs nest lengste fjord etter Sognefjorden, og den femte lengste fjorden i verda. Den lengste sidearmen til Hardangerfjorden er Sørfjorden, og det er her dette fjordcruiset tar deg.

Bestill her.

Foto: The Fjords