Trolltunga parkering

Parker bilen ved eit av dei tre startpunkta for hovudløypa

© Shutterstock.com / Riccardo Zambelloni

car

Med bil til Trolltunga

Frå Odda sentrum køyrer du Rv13 i 6 km til Tyssedal. Sving til høgre og følg skiltinga til Trolltunga. Turen frå Odda til Skjeggedal tar ca. 30 min.

parking sign

Bomveg- og parkeringsavgift til Trolltunga

Det er tre parkeringsplassar for dei som skal til Trolltunga. Det er bomveg frå P1 Tyssedal opp til P2 Skjeggedal og vidare til P3 Mågelitopp.

Parkeringsavgifta for P1 Tyssedal betaler du i automaten. På parkeringsplassen P2 Skjeggedal betaler du både parkerings- og bomvegavgift i automaten. Kvitteringa legg du godt synleg i frontruta på bilen.

P3 Mågelitopp har berre førehandstinging. Bomvegavgiften på kr 200 må betales i automaten på P2 Skjeggedal før du kjører opp til P3.

Når P2 er full på travle dagar, går det skyttelbussar frå P1 Tyssedal til P2 Skjeggedal. Det går òg skyttelbuss frå P2 opp til P3 Mågelitopp. Billettar får du kjøpt om bord, med kontantar eller kort.

Bomvegavgifta hjelper oss med å sikre at alle turgåarar får ein trygg og minneverdig tur til Trolltunga. Midlane gjer det mogleg å byggje og halde ved like turløypene, skilt og informasjontavler og to redningshytter. Me driv òg fjellvaktteneste og bidrar til å halde ved like Skjeggedalsvegen.

Parkeringsavgifta blir brukt til å halde ved like toalettene og parkeringsplassane, og til å betale parkeringsvertane.

vans and bus

Buss, campingvogn og minibuss

Vegen frå P1 Tyssedal til P2 Skjeggedal er for smal for bussar, campingvogner og minibussar. Maks lengde er 5,2 m.

Større køyretøy må parkere ved P1 Tyssedal. Det er ikkje lov med overnatting, camping, grilling eller bålbrenning på eller ved denne parkeringsplassen.

Skyttelbussane køyrer frå P1 Tyssedal til P2 Skjeggedal, og frå P2 Skjeggedal til P3 Mågelitopp. Sjå bussruta nedanfor.

P1-sign. Parking

P1 i Tyssedal

220 parkeringsplasser

Parkeringsavgift:
Same dag (til midnatt) – kr 300
To dagar (til midnatt) – kr 500
Tre dagar (til midnatt) – kr 700
Valfri transport til P2/P3 må betalast separat.

Avstand til Trolltunga: 38 km t/r
Høgdeskilnad: 1040 m
Høgdeskilnad totalt: 2000 m
Estimert gangtid: 15 timar t/r

(Sjå kart her)

Ingen forehåndsbestilling – open heile året

Før turen din til Trolltunga betaler du parkeringsavgift i parkeringsautomaten på P1 Tyssedal. Legg billetten godt synleg i bilvindauget.

P2-sign. Parking

P2 Skjeggedal – Hovudstartpunkt

Privat veg
180 parkeringsplasser

Bomveg- og parkeringsavgift:
(Bomvegavgift er inkludert i prisen)
Same dag (til midnatt) – kr 500
To dagar (til midnatt) – kr 700
Tre dagar (til midnatt) – kr 900
To motorsyklar kan dele parkeringsfelt og betale det same som ein bil.
Valfri transport til P3 må betalast separat.

Avstand til Trolltunga: 27 km t/r
Høgdeskilnad:  800 m
Høgdeskilnad totalt:  1200 m
Estimert gangtid: 8–12 timar t/r

Vegen er for smal for campingbilar og minibussar. Maks lengde 5,2 m.

 (Sjå kart her)

Ingen forehåndsbestilling – open heile året

Betal bomvegs- og parkeringsavgift før turen din!
Før turen din til Trolltunga betaler du bomvegs- og parkeringsavgift i parkeringsautomaten på P2 Skjeggedal. Legg billetten godt synleg i bilvindauget.

Sleppe av passasjerar på P2 Skjeggedal
Du betaler bomvegavgifta (kr 200) i automaten på P2 Skjeggedal.

P3-sign. Parking

P3 Mågelitopp

Privat parkering – plass til 30 bilar
Berre førehandstinging!
Maks høgde på bil: 2 m. Ingen motorsyklar.

Bomveg- og parkeringsavgift:
(Bomvegen er IKKJE inkludert i prisen!)
Same dag (til midnatt) – kr 600
Bomveg – kr 200

NB! Før du køyrer opp til P3 Mågelitopp, må du betale bomvegavgifta (kr 200) i automaten på P2 Skjeggedal.

Avstand til Trolltunga: 20 km t/r
Høgdeskilnad: 320 m
Høgdeskilnad totalt: 800 m
Estimert gangtid: 7–10 timar t/r
Sesong for P3: 1. juni –30. september 2024

Berre førehandstinging!
Billett må kjøpast på førehand hos Trolltunga-Road Bus
Kundeservice: kl. 8–11 og 15–19
Tel.: +47 900 52 663

Innkjøring frå P2 Skjeggedal opp til P3 Mågelitopp parkering
1. juni – 31. august: kl 6:30–11 (Berre førehandstinging)
1.–15. september: kl 7–11 (Førehandstinging. Du kan få kjøpt ledige billettar i billettbua i Skjeggedal.)
16.–30. september: kl 7–11 (Billettar kan berre kjøpast på billettkontoret i Skjeggedal. Inga førehandsbestilling.)
Førehandstinging: Trolltunga-Road Bus

MERK! Opningstidene er avhengig av vêrforhold i fjellet og vegen kan stengast på kort varsel.

Du kan ikkje sleppa av passasjerar på P3!
Det er ein smal veg opp til P3 Mågelitopp. Det er berre skyttelbussar og bilar med reservert parkering som har løyve til å køyre opp dit. Du kan ikkje køyre opp til P3 for å sleppa av passasjerar.

(Sjå kart her)

NB! Før du køyrer opp til P3 Mågelitopp, må du betale bomvegavgifta (kr 200) i automaten på P2 Skjeggedal.

Man on tip of Trolltunga edge

© Photo: Destination Hardanger Fjord/Till Hanten