Reise til Odda og Trolltunga

Korleis reise til Trolltunga frå Oslo, Bergen og Stavanger

Hardangerfjordekspressen. © Yrjan Olsnes

Koma seg til Trolltunga

Trolltunga er lett tilgjengeleg både med bil og anna transport. Det er fleire daglege bussavgangar til/frå Voss, Bergen Stavanger og Oslo. Velkommen til Trolltunga!

Kvar ligg Trolltunga?

Trolltunga ligg 1180 meter over havet, aust for Tyssedal i Ullensvang kommune i Vestland fylke.
Næraste by er Odda.

Sjå kart her (Google Map)

Flyplassar

Haugesund (2,5 timar)
Bergen (3 timar)
Stavanger (4 timar)
Oslo (6 timar)

Med bil

Det går fleire vegar  til Odda og Trolltunga. Det er enkelt å koma seg til Trolltunga med bil. Med bil tek turen om lag 3 timar frå Bergen, 6 timar frå Oslo, 4 timar frå Stavanger og 2,5 timar frå Haugesund.

Sjå NAF Reiseplanlegger

Med ferje

Eit godt tips er å gjera seg kjent med dei ulike ferjetidene i Hardanger. Dei bør du ha kontroll på når du skal kryssa fjorden. Ferjerutene finn du på Skyss sine heimesider.

Med tog

Bergensbana går mellom Bergen og Oslo. Togturen, som er ein attraksjon i seg sjølv, går heile året. Dei fleste går av enten i Bergen eller på Voss. Derfrå går det buss til Odda.

Meir informasjon finn du her.

Med buss

Skyss har ansvar for lokale bussruter frå Bergen, på Voss og i Hardanger. Nokre bussruter går heile året, medan andre er kun gyldige i sesong. Sjå Skyss sine heimesider for rutetider og booking.
NOR-WAY tilbyr ekspressbuss-forbindelse mellom Hardanger, Oslo, Sandefjord, Larvik, Kristiansand, Stavanger og Haugesund. Sjå her for rutetider og booking.

Med båt

Hardangerfjord-Ekspressen er ei heilårsrute som går mellom Bergen og Rosendal. Båten har daglege avgangar frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum. Anløp undervegs er Flesland, Os og Malkenes, så du kan også ta båten direkte frå Bergen Lufthavn Flesland til Rosendal. Sjå Rødne sine sider for rutetider og booking.
Korresponderande bussar (buss #760) frå Rosendal til Odda. Sjå rutetabell, eller sjå rutetabell i tekstformat. Det er ruteendringar på heilagdagar.
Sjå rodne.no og reise.skyss.no

Fjord Line (Danmark – Stavanger – Bergen)
Color Line (Danmark/Tyskland – Norge)
DFDS SEAWAYS (Danmark – Norge)

Nasjonal ruteplanlegger

Nettjenesten Entur lèt deg enkelt finne kollektive reiser i Noreg – enten det er med buss, tog, trikk, bane eller båt. Skriv inn der du reiser frå og til, så finn nettsida raskaste kollektive reisemåte for deg.

entur.no

Hardangerfjordekspressen. © Yrjan Olsnes