Sekk og støvler

Utstyr til fjellheimen

Vêret i høgfjellet kan skifte raskt, og det er alltid kaldare på fjellet enn ved fjorden. Sjekk alltid vêrmeldinga før start. Gå ikkje turen i kraftig regn, sterk vind eller tåke. Kvart år er det redningsaksjonar for turgåarar som er dårleg utstyrte eller utilstrekkeleg førebudde. Sørg for at du ikkje blir ein del av ulykkesstatistikken!

Her er minstekrav til utstyr i fjellheimen vår: vasstette fjellstøvlar, varm genser, vind- og vasstette klede, lue, hanskar eller vottar, klesskifte, solbriller og solkrem, hovudlykt, rikeleg med mat og drikke, førstehjelpsutstyr og fjellduk til naudly.

Du kan leige turutstyr hos Trolltunga Active i Skjeggedal. Kontakt Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting: turist@ullensvang.kommune.no

Gode råd for fjellturen

ALLTID

  • Ta med rikeleg med mat og drikke.
  • Ta med klesskifte og vind- og vasstette klede.
  • Hald dykk saman – la ikkje nokon vandre på eiga hand.
  • Ta vare på naturen vår!
  • Sørg for at teltleir og toalettbesøk er nedanfor stien og i god avstand frå bekkar og vatn.
  • Ver venleg å ta med deg alt bosset ditt frå turen, og kast det i bossdunkane på parkeringsplassen. Små bossposar får du hjå bussjåføren.
  • Små bossposar får du av bussjåføren.

Aldri

  • Unngå forureining av bekkar og vatn!
  • Tenn ikkje bål mellom 15. april og 15. september.
  • Det er forbod mot camping ved parkeringsplassane.
  • Fest ikkje klistremerke på skilt eller informasjonstavler. Informasjonen er livsviktig for alle turgåarar.

Sommar – under det inste laget
Om sommaren kan det på enkelte dagar vera godt og varmt, men husk at vêret på høgfjellet kan skifta raskt! Ta med deg ekstra klede! Vi anbefaler å gå med ullklær heile året! Dei naturlege eigenskapane til ulla gjer at han både varmar når det er kaldt og verkar avkjølande i varmen. Blir du overraska av dårleg vêr er ull det tryggaste alternativet. Blir du våt, vil ull fortsetja å halda deg varm.

Foto: Åse Marie Evjen

Mellomlag
Utenpå det inste laget har du eit isolerande lag.

Det kan vera ein ullgenser, dunjakke, fleece- eller primaloftjakke.

Ein primaloftjakke vil òg isolera litt sjølv om han blir våt, medan dun mistar isolasjonsevna si når den blir våt.

Foto: Eivind Børve

Innerst
Eit tynt, isolerande lag. Ull er å føretrekka, fordi det isolerer godt, sjølv om det blir vått og sveitt.
Ull vil halda deg mykje varmare samanlikna med til dømes bomull, som mistar all isolasjonsevne med ein gang det blir vått.

Foto: Eivind Børve

Ytterst
Helt ytst har du skallbekledning. Skallagets eigenskap er å halda vêr og vind ute. Han må med andre ord vera vass- og vindtett, men samtidig pusta.

For å unngå å bli sveitt, er det lurt å opna luftingene på skalkleda eller ta av seg det midterste laget.

Foto: Therese&Tor

Videos:

Turen til Trolltunga – tryggleik er viktigast:

Utstyrsliste til sommarturen:

Dei vanlegaste fjellfeil:

2 woman on trail to Trolltunga

© lkoimagess / Shutterstock.com