Låtefoss  Foto: Scott Sporleder/Fjord Norway

Attraksjonar i nærleiken av Trolltunga

Trolltunga er eit eventyr som du bør ta deg god tid til å nyte. Fordi fotturen dit er ein heildagstur, tilrår vi sterkt eit opphald på to netter i nærleiken. Du treng ein tidleg morgonstart, og etterpå vil du truleg ha lyst til å feira opplevinga med medvandrarane dine.

Faktisk vil vi påstå at heile Odda-regionen ber deg om å sakke tempoet slik at sanseinntrykka får godt spelerom. Fantastiske natur- og kulturattraksjonar ventar på deg.

Allereie på 1800-talet var Odda eit av Noregs viktigaste turistmål. Når dampskip frå fjerne hamner segla innover Hardangerfjorden, stod passasjerane på dekk – trollbundne av synet av blomstrande frukttre under snødekte fjell og blendande brear. Og alt spegla seg i fjorden. Med hest og vogn drog dei reisande til fantastiske fossefall og utsynspunkt.

Når du står ved Låtefossen, vil du skjøne kvifor dei kom hit. Du kan sjølv ta eit Sider Safari cruise på fjorden, kanskje kombinert med sidersmaking og omvising i frukthagen til ein av dei lokale eplebøndene. Ta deg tid til å vitje den 750 år gamle stavkyrkja i Røldal, utforsk den vakre Folgefonna nasjonalpark og stå på ski ned utforbakken i juli! Vil du ha eit endå meir eksotisk eventyr, blir du med på tur over isbreen i lag med ein erfaren breførar.

Og når du først tar turen til Trolltunga, må du hugse å besøke Kraftmuseet i Tyssedal. Her får du innblikk i fødselen til moderne norsk vasskraft og historia om dei første industripionerane våre.

For å utforske fleire attraksjonar som kan freista, kan du gå inn på desse offisielle nettsidene:

www.hardangerfjord.com/ullensvang
www.hardangerfjord.com

Attraksjonar nær Odda:

Låtefoss

Låtefossen er hovudattraksjonen i Oddadalen, også kjend som «Fossanes Dal». Tvillingfossen Låtefoss var eit ynda reisemål alt på 1800-talet. Fossen, med fallhøgde på 165 m, er lett tilgjengeleg ved Rv 13. Vatnet dusjer vegen og naturen rundt, før det renn vidare under den gamle steinkvelvbrua. Vassdraget den renn frå og ut i, er Opovassdraget. Opo, Storelvi, eller øvre Opo, renn gjennom Oddadalen, og kalla «Fossenes dal». I den ca. 10 km lange dalen finn ein heile sju fossefall.

Foto:  Scott Sporleder / Fjord Norway

Kraftmuseet – Norsk Vasskraft og Industristadmuseum

Den vakre kraftstasjonen ligg nede ved fjorden og er eit monument over vasskrafteventyret som starta i 1906. Museet tilbyr
omvisingar i kraftanlegget, vising av film, faste- og skiftande utstillingar. Museumsbutikk og kafé. Skreddarsyr opplevingar til turopplegg, konferanse og seminar. Facebook

Foto:  Dag Endre Opedal

Røldal stavkyrkje

Røldal stavkyrkje vart bygd mellom 1200 og 1250, og er kjend for det undergjerande krusifikset som framleis heng over korbogen. Etter forteljartradisjonen sveitta det kvar jonsoknatt (6. juli etter den julianske kalendaren) og denne sveitten hadde lækjande verknad. Røldal var i middelalderen eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i Noreg og vara ved heilt til 1835, lenger enn noko anna valfartingstad i Noreg.

Photo:  Willy Haraldsen

Fossanes dal

Oddadalen – eit vakkert stykke urørt landskap langs RV 13! I denne særprega dalen ligg fossane som perler på ei snor innanfor ein avstand på 10 km: Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og Låtefoss som alle er varig verna. Oddadalen byr på gode turhøve i eit flott terreng. Kongen blant fossane er Låtefossen, den berømte tvillingfossen. Parkering like ved hovudvegen.

Foto:  Fotograf Øygarden

Buarbreen 

Buerbreen er ein brearm av Folgefonna, Noreg sin tredje største isbre. Følg RV13 mot Røldal frå Odda sentrum 2 km, følg skilt mot Buer og køyr til parkering ved gardane. Det tek 2 timar å gå opp til brekanten. Siste del av turen går i brattare terreng, og det er viktig med godt fottøy. Vis varsemd og følg stien.

Foto:  A. Henrickson

Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.

Foto:  A.G. Vestrheim

Nasjonal turistveg Hardanger

Opplev Nasjonal turistveg Hardanger på veg til og frå Trolltunga. Hardanger er som eit einaste stort postkort med buldrande fossar og blomstrande frukttrær. Alt det vakre du har høyrt om Hardanger er sant. Der er i tillegg dramatiske vegar i dramatisk natur. Vegane i Hardanger har si eiga fart, og du må tilpasse deg det naturlege tempoet. Her ligg vegen på hyller i bratte dalsider, eller går bokstaveleg talt gjennom eplehagane, og det er kanskje denne nærleiken som er det spesielle på strekninga. Her kjører du i sjølve opplevinga heile tida.

Foto:  Åse Marie Evjen