Foto: Katya Graf
Gift deg på Trolltunga!
I sommar kan du gifte deg på Trolltunga. Hugs å setje av fredag 4. august 2023 i kalenderen, for det er dagen Ullensvang kommune har sett av til bryllaup på Noregs mest spektakulære fjellformasjon. Du må òg melde deg på hos kommunen.

Verdas fire fyrste par gifta seg på Trolltunga laurdag 14. august 2021
Foto: Åse Marie Evjen
Guida tur med overnatting
Du kan gjere bryllaupet ditt endå meir spesielt ved å ta ein guida tur med Trolltunga Active eller Trolltunga Adventures! Dette inkluderer overnatting på den flotte leiren deira ved Trolltunga.
Kva kan vel vere ein meir perfekt start på bryllaupsnatta enn ein eksotisk kveld på fjellet? I den luksuriøse leiren serverer vi god mat og drikke frå lokale produsentar. Og du kan nyte ein vakker solnedgang rundt det knitrande bålet, om vêrgudane er snille. Om morgonen har vi frukosten klar.
Om du har spesielle ønske, ber vi deg ta kontakt direkte med guideselskapet. Dei vil gjere alt dei kan for at draumane dine skal gå i oppfylling!

Foto: Katya Graf
Du treng ein attest
Du må registrere deg hos kommunen og levere gyldig norsk prøvingsattest som viser at det ikkje er nokon hindringar for giftarmålet. Norske par får vanlegvis attesten sin raskt. Men viss den eine eller begge er utanlandske statsborgarar, kan det ta opptil fem eller seks veker – så ver tidleg ute. Søknad om prøvingsattest finn du hos Skatteetaten.no.
Gyldig prøvingsattest utstedt i Noreg er eit absolutt krav, og dette dokumentet er berre gyldig i fire månader frå utstedingsdato. Ver merksam på dette så du sender søknaden til Skatteetaten til rett tid.
Førebels vigselattest finn du her
Kor mange par vi kan vie denne dagen, er sjølvsagt avgrensa, så meld deg på tidleg. Her gjeld prinsippet «første par til mølla»!

Foto: Åse Marie Evjen
Om denne spesielle dagen
Vi ser fram til fredag 4. august og gler oss til å treffe dei som har lyst til å vere med på denne spesielle dagen.
Vi håper på ein fin og solrik sommardag, men det kan vi sjølvsagt ikkje love. Alle må difor ta omsyn til risikoen for dårlegare vêr, og kle seg deretter. Hugs solid fottøy – det er ein lang tur til Trolltunga og ned att!
Ullensvang kommune tar ikkje betalt for sjølve vigselen. Andre utgifter må kvart par dekke sjølv.
Roald Aga Haug, ordføraren i Ullensvang kommune, gler seg til å vie fleire par på Trollunga i år.
Takk for at du har lyst til å gifte deg i kommunen vår. Vi er stolte av denne flotte staden!
Ta kontakt med Ullensvang kommune
Inger Eirtrheim Johansen
E-post: inger.eitrheim.johansen@ullensvang.kommune.no
Mobil: +47 900 55 126

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune.
Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord
Verdas første bryllaup på Trolltunga!
Det skal godt gjerast å finne ein vakrare og meir dramatisk stad å gifte seg! Ordføraren i Ullensvang, Roald Aga Haug, hadde i årevis drøymt om å vie nokon på Trolltunga. Laurdag 14. august 2021 fekk fire par vere dei fyrste til å gifte seg på Trolltunga.
Her kan du sjå bryllaupa!

Foto: Therese&Tor

Sara Johnson Melkeraaen
Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord