Drikkevatn & Toalett

Photo: Shutterstock.com / Olesya Kuznetsova

Drikkevatn

På den lange turen til og frå Trolltunga treng du rikeleg med drikke. Sørg for å ta med mykje vatn og turmat som energibar, sjokolade og frukt. Vassflasker kan du fylle ved P2-parkeringsplassen i Skjeggedal.

Mange turgåarar fyller flaskene sine frå bekkene på høgfjellet. (NB. Det er ikkje trygt å drikke vatn i nærleiken av hyttene!) Vent med å fylle vassflaska inntil du kjem til første redningshytte, like før Floren, omtrent halvvegs til Trolltunga. Men du bør ikkje fylle vatn i nærleiken av sjølve Trolltunga. Det er alltid betre å fylle vassflaska i ein bekk enn i eit stilleståande fjellvatn, men det kan vere ureiningar i vatnet, spesielt etter kraftig regn. Om du kokar vatnet er det trygt å drikke.

Ver merksam på at vatnet i villmarka ikkje er testa, så vi kan ikkje garantere at det er trygt å drikke.

Av omsyn til helsa og tryggleiken til alle turgåarar må toalettbesøka dine vere nedanfor stien – langt borte frå bekker og vatn!

Toalett

Vêr merksam på at du ikkje vil finne offentlege toalett langs stiane på fjellet. Vi oppmodar deg til å nytte toaletta på parkeringsplassene i Skjeggedal eller Tyssedal før du startar på den lange turen opp til Trolltunga.

Av omsyn til helse og tryggleik for alle turgåarar må toalettbesøka dine vere nedanfor stien – langt borte frå bekker og vatn!

NB! Ver venleg å ta med deg alt bosset ditt og kast det i bossdunkane på parkeringsplassen. Dette gjeld òg brukt toalettpapir!

Unngå forureining – ta vare på naturen vår!