Fjellvakt og redningshytter

© Åse Marie Evjen / Trolltunga AS

Fjellvakt og redningshytter

Trolltunga har tidlegare fått mykje medieomtale på grunn av mange redningsaksjonar.

Talet på besøkande på Trolltunga voks veldig raskt, frå 800 besøkande i 2010 til 87000 i 2018. Vanlegvis er 90 prosent av våre besøkande utlendingar. Mange av dei var tidlegare for dårleg førebudd for den lange turen. Ein del var for dårleg kledd og hadde med seg for lite mat og drikke og gjekk seg «tomme».

Teksten held fram under kartet.

Redningshytter og fjellvaktordning

I 2016 var det heile 42 redningsaksjonar. For å gjera turen tryggare, vart det bygd to redningshytter i 2016 og fjellvaktordninga kom på plass i 2017. Etter det har talet på redningsaksjonar falle drastisk. I dei siste åra har det vore mellom 15 og 20 redningsaksjonar. I 2020 var det 10 redningsaksjonar. Men då var òg talet på besøkande betydeleg lågare på grunn av korona. Dei fleste skadane er overtråkk.

Det er døgnbemannet redningshytte frå 1. juni til 31. september. Fjellvakta går òg inn til sjølve Trolltunga midt på dagen og styrer køen der.

Parkeringsvertene og fjellvakta passar på at alle er godt nok kledde og har med godt nok utstyr og nok mat og drikke. Dette bidrar til å førebygga mange skadar.

Fjellvakten Leiv ved Ringedalsvatnet

Fjellvakten Leiv ved Ringedalsvatnet. Foto: Åse Marie Evjen

Dei to redningshyttene, døgnbemannet fjellvakthytte, parkeringsverter, betre mobildekning, utbetra stig, betre informasjon på førehand og informasjonsskilt langs stien har gjort turen til Trolltunga til ein mykje tryggare tur.

På Store Floren ligg ei redningshytte. Her kan du søke ly i tilfelle storm eller annan naudsituasjon. I redningshytta finn du soveposar og tepper, omn, ved og proviant.

Redningshytta ved Store Floren.

Redningshytta Floren ved Store Floren. Her kan du soke ly i tilfelle storm eller annan naudsituasjon. I redningshytta finn du soveposar, tepper og proviant. Nødnummer 112. Foto: Åse Marie Evjen

Det er òg ei redningshytte høgare oppe, på Endåen.

Redningshytte Endåen

Redningshytte Endåen. Foto: Åse Marie Evjen

 

Redningshytte Endåen

Redningshytte Endåen. Foto: Åse Marie Evjen

Ver merksam på heimturen!
Mange ulykker skjer på heimturen, når ein er trøytt og sliten. Sørg for at du et nok undervegs slik at du har nok energi. Berekn god nok tid til nok pausar og sørg for at du startar tidleg nok på heimturen slik at du kjem ned før det blir mørkt.
Hald dykk alltid på stien og hald dykk samla. Det er enklare for fjellvakta å finna ei samla gruppe, enn mange personar spreidde utover fjellet.

Treng du hjelp, ring 112!

Nødnummer

112

Turen til Trolltunga – tryggleik er viktigast:

Når er det best?

Nesten heile året kan du dra på tur til Trolltunga.

1. juni – 30. september:

Guide er tilrådeleg. Erfarne turgåarar kan gå utan.

1. oktober – 31. mai:

Du bør berre gå med guide!

Vêret i høgfjellet kan skifte raskt. Sjekk vêrmeldinga før start.
Du må tilpasse førebuingane og utstyret du tar med.

Queue of people waiting to taka a photo at Trolltunga

© Scott Sporleder / Matador Network / Fjord Norway