Er du førebudd på turen til Trolltunga?

Photo: Shutterstock.com / Mykola Ivashchenko

Vi vil at du skal ha ei minneverdig oppleving av Trolltunga og fjellheimen vår – men først og fremst er vi opptekne av tryggleiken. I 2022 tok 82 500 personar turen opp hit for å sjå den spektakulære fjellformasjonen.

Kvart år er det redningsaksjonar på Trolltunga. Enkelte har hatt ei ulykke og skada seg, medan andre har hatt dårleg utstyr eller vore utilstrekkeleg førebudde. Sjølv på ein solrik sommardag må du til dømes ta med deg varme og vasstette klede i tilfelle det brått og uventa slår om til dårleg vêr.

Ved å følgje nokre enkle reglar kan du minske risikoen og sørgje for at vi ikkje treng å kome deg til unnsetning.

Kva skal ein ta med?

Her er minstekrava til utstyr i fjellheimen vår.
Studer lista nøye.

Du må vere i god fysisk form!

Turen opp til Trolltunga er lang og krevjande. Viss du har ein ikkje heilt god hjartetilstand eller eit anna medisinske problem, bør du ikkje ta denne turen! Viss du ikkje er van med å gå tur heile dagen – spesielt turar høgt til fjells – tilrår vi at du vel nokon av dei andre flotte attraksjonane, som er meir tilgjengelege.

Skund deg aldri – og ha krefter i reserve!

Ta deg god tid på turen, spesielt der stien er bratt. Ta ofte pausar. Drikk rikeleg med vatn og et litt nistemat for å få ny energi. Når du går tur i fjellet, er det lurt å ete annankvar time. (Det er større risiko for ulykker når du er sliten og ukonsentrert.)

Ta ikkje med dei minste til fjells!

Vi tilrår at alle som er med på turen, er minst 12 år gamle. Dei må òg vere i god form og vande med lange turar.

Fjellheimen er ikkje nokon trygg stad for spedbarn og småbarn! Dei er spesielt sårbare for låge temperaturar og dårleg vêr. Hugs at det alltid er kaldare og meir vind på fjellet enn ved fjorden.

Viss du trass i åtvaringane våre bestemmer deg for å ta med eit lite barn, må du vere førebudd på å bere barnet heile turen. Det krev at du er sterk og uthaldande – og har ein beresele av god kvalitet. Stopp ofte for å sjekke at barnet ditt har det varmt og behageleg, har god blodsirkulasjon og at det ikkje har muskelkrampar.

Vern deg mot sola

Dekk til deg sjølv og bruk solkrem med høg faktor. Er det sval vind, legg du kanskje ikkje merke til at du blir solbrent før det er for seint.

Ta lærdom av feil som andre turgåarar har gjort.

I akutte situasjonar

Det er to redningshytter på fjellet. Ved behov, til dømes i storm, vil desse gi naudly. (Sjå kartet.)

Har du akutt behov for hjelp, ring 112. Gi ei nøyaktig skildring av situasjonen din og kor du er.

Tid er livsviktig. Det er viktig at redningsmannskapa raskt kan finne deg. Sørg for at du er godt synleg.

Merk: Treng du redningsaksjon i den norske villmarka, kostar det deg ingenting.

View of Trolltunga

© Shutterstock.com / Galyna Andrushko