Photo: Trolltunga Active

Magiske bilete frå Trolltunga

Trolltunga er eit av dei mest populære turmåla her i landet. Sjølv om det i eit vanleg år er mange som vil sjå Noregs mest spektakulære fjellformasjon, er turen så lang at det er rikeleg med plass til alle. Vi ber om at de held god avstand til kvarandre medan de ventar på å få gå ut på sjølve tunga.

Naturlegvis ønskjer alle eit bilete av den magiske augneblinken – når ein sjølv står på Trolltunga, det vesle steinplatået som stikk ut frå berget 700 meter over vatnet nedanfor. Vanlegvis er 90 prosent av turgåarane om sommaren utanlandske turistar. I år er det langt færre besøkande frå utlandet. Nytt høvet nå til å ta den minnerike turen til Trolltunga!

Kan hende det er ein kort fotokø. Medan du ventar, foreslår vi at du et nistematen og slår av ein prat med andre turgåarar, med god avstand til kvarandre. Du får kanskje høyre interessante historier, får vite om andre flotte attraksjonar, og kan hende får du òg nye vener.

Vis omsyn når det er din tur! Nøy deg med nokre få poseringar. Om du går turen åleine, vil sikkert nokon i nærleiken gjerne ta bilete av deg – berre spør. Ikkje ta bilete med andre sitt utstyr, bruk ditt eige og send bileta etterpå.

Har du høgdeskrekk og vil sleppe å klatre ned på Trolltunga, har vi ei enkel løysing: La nokon ta bilete av deg med Trolltunga i bakgrunnen. Den perfekte augneblinken er når nokon nett har klatra opp, og Trolltunga er tom. (Nokre av bileta viste her er tatt slik.)

Ver varsam! Hald deg alltid eit godt stykke unna kanten.

Vi frarår bruk av drone. Bruker du drone må du fylgje regelverket. Ta omsyn til andre turgåarar.

Bruker du drone, må du fylgje regelverket – og aldri utsetje nokon for fare.

Ta omsyn til andre turgåarar. For deira tryggleik ber vi deg om ikkje å fly drone når fleire folk er til stades på sjølve Trolltunga.

Alle dronepilotar bør registrera seg på AVINORS nettside.

Solnedgang om hausten på Trolltunga.
Foto: Eva Løvaas

La nokon ta bilete av deg med Trolltunga i bakgrunnen!
Foto: Åse Marie Evjen