Foto: Woodnest

Overnatting Trolltunga

Regionen har mange gode overnattingstilbod, både i fjordbyen Odda, i Lofthus og Jondal og i dei andre bygdene i nærleiken. Du finn komfortable hotell og motell, hytter og campingplassar med alle fasilitetar du treng.

Fordi fotturen dit er ein heildagstur, tilrår vi sterkt eit opphald på to netter i nærleiken.

Er du på veg til eller frå Preikestolen og Lysefjorden, kan du med fordel vurdere overnatting i Røldal, ei fjellbygd med ei stavkyrkje og ei fascinerande historie.

For å finne tilbod om overnatting, kan du gå inn på desse offisielle nettsidene:

www.hardangerfjord.com/ullensvang
www.hardangerfjord.com

Overnatting nær Trolltunga

Odda:
Avstand til P2 Skjeggedal: 13 km

Trolltunga Hotel

Trolltunga Hotel i Odda er partnerhotellet til Trolltunga Active – en vakker villabygning bygget i 1928. Hotellet ble nøye renovert i 2017, og enda mer utvidet i 2021 med flere rom, og en mye større restaurant med fokus på utsikt, flott interiør, lokale produkter samt å gi gjestene en fantastisk kulinarisk opplevelse! Målet vårt er at våre eventyrsøkende gjester skal kunne hvile og lade batterier helt mens de nyter den fantastiske naturen som hotellet er omringet av.

Foto: Trolltunga Hotel

Hardanger Hotel

Hardanger Hotel ligg i Odda sentrum med gå avstand til m.a. busstasjon, butikkar og restaurantar. Her er  50 rom med utsikt mot fjorden eller dei mektige fjella kring Odda. Hotellet har frukostrestaurant og gratis parkering. Hardanger Hotel ligg og nær shutteletransporten mellom Odda sentrum og Skjeggedal, som er startpunktet for turen til Trolltunga.

Foto: Hardanger Hotel

Apothekergaarden Gjestehus

Apothergaarden Gjestehus ligg midt i Odda sentrum, rett bak Hardanger Hotell. Her tilbys det leiligheiter i god standard, med eige bad og kjøkken, samt trådlaust internett og TV. Med lokalisering midt i sentrum kan ein nytta seg av både sentrum og den vakre naturen som omkransar Odda.

Foto: Apothekergaarden Gjestehus

Vikinghaug

Med fantastisk utsikt over vann, foss, fjell, fjord og fonn, ligg Vikinghaug Apartments i Odda. Gjestene bur i store, romslege leilegheiter med tre-fire soverom, bad, toalett, kjøken og stove. Sengetøy og handklede er inkludert i pris, og det er gratis parkering ved huset.

Vikinghaug er eit godt utgangspunkt for å utforska vakre og spanande Hardanger. Med bil er det fire minutt til handlesenter i Odda By, 20 minutt til start på tur til Trolltunga, sju minutt til startpunkt for tur til Buerbreen, 30 minutt til Røldal Skisenter og 20 minutt til Seljestad turski-område. Det er også mange toppturar med godt merka stiar i og rundt Odda.

Foto: Vikinghaug

Bakkegata – the Blue House

«Bakkegata – The Blue House” er et nydelig 100 år gammelt Jugendstil-hus midt i Odda sentrum. Hele eiendommen ble totalrenovert i 2019, og kombinerer i dag den gamle skjønnheten med moderne komfort som heis og Wi-Fi. Du har valget mellom 5 velutstyrte leiligheter, og i høysesongen også en sovesal.

Eiendommen ligger svært sentralt til. Det er heller ikke mer enn et par skritt å gå til Shuttlebussen til Skjeggedal, der gåturen til Trolltunga starter.

Foto: Helga Tverdal

Woodnest – Odda treehouse

Kom tett på naturen, kjenn på roen og nyt utsikta til Sørfjorden frå Woodnest. Dei makalause tretopphyttene i Odda er verkeleg noko for seg sjølv. Einingane, som begge er på 15 m², inneheld toalett og fire sengeplassar.

Velkomen til unike Woodnest – Odda Treehouse!

Foto: Woodnest – Odda Treehouse

Trolltunga Camping

Trolltunga camping ligg idyllisk til midt mellom to nasjonalparkar. Omgitt av kontrastrik natur, stille vatn, høge fjell med snø på toppane, fossar og isbre berre nokon kilometer frå campingplassen!

Trolltunga Camping ligg 2 km frå Odda sentrum og Hardangerfjorden.
Campingen er spesiell med sine trær og buskar som omkransar plassen rett ved Sandvinsvatnet og utsikt oppover «Fossanes Dal» og mot Folgefonna.

Foto: Trolltunga Camping

Camp Lothepus

Camp Lothepus ligg like ved Sørfjorden, på Odda sin «spydspiss». Her kan du nyte utsikten til fjell og fjord, fiske eller rusle inn til sentrum. Det er også kort vei til dei forskjellige attraksjonane i området, som til dømes Trolltunga, Buerbreen og Fossanes dal.

Foto: Camp Lothepus

Tyssedal:
Avstand til P2 Skjeggedal: 7 km

Trolltunga Guesthouse

Leilegheitshotellet Tyssedal Guesthouse ligg 6 km frå Skjeggedal som er startpunktet for turen til Trolltunga. Trolltunga Guesthouse har også ei god beliggenheit for å nå opplevingar i heile Hardangerregionen. Her er 13 leilegheiter. 8 av leilegheitene har soverom, stove med sovesofa, kjøkken og bad. 5 leilegheiter er med sovealkove i stova og sovesofa, kjøkken og bad.

Foto: Sondre Gunleiksrud

Tyssedal Hotel

Tyssedal Hotel har ei spesiell historie nært knytt til Norsk Vasskraft og Industristad Museum som ligg like ved. Det historiske hotellet rommar ei spektakulær samling originalmaleri med m.a. Nils Bergslien og Hans Dahl. Hotellet er også et god utgangspunkt for turer til Trolltunga.

Foto: Tyssedal Hotel

Stana gard

Stana Gard ligg vakkert til ved fjordkanten i Stana, 3 km frå Tyssedal og 9 km frå Odda sentrum. Her er panoramautsikt over fjord, fossar og isbreen Folgefonna. Stana Gard har to utleigehus, begge med 7 sengeplassar. Husa er fullt utstyrte og har koselege uteplassar med hagemøblar og grill. Kring husa er det hage med frukttre. For gjestar er det tilgjengeleg båt og kai som ein kan fiske frå. Stana gard ligg 9 km frå Skjeggedal som er startpunktet for turen til fjellformasjonen Trolltunga.

Foto: Stana gard

Slottet Apartments

Slottet Apartments ligg berre eit steinkast unna Tyssedal Hotel.
Tilbodet er to-roms leiligheter, som dekker 45-50 kvadratmeter, med alt du treng for eit komfortabelt opphald etter ein travel dag med utforsking. Kvar leilighet kjem komplett med sitt eige private bad, toalett og eit godt utstyrt kjøkken.
Med sin fantastiske beliggenheit og praktiske fasilitetar, fungerer også Slottet Apartments som ein utmerka base for dine eventyr til Trolltunga.

Foto: Slottet Apartments

Hildal:
Avstand til P2 Skjeggedal: 22 km

Hildal Camping

Hildal Camping ligg i Oddadalen langs RV 13, rett ved Storelva og E134 ca.10 km frå Odda sentrum i retning mot Røldal. Her finn du 6 enkle hytter og stort område tilrettelagt for telt og campingvogn.

Foto: Harald Refseth

Sundal, Kvinnherad:
Avstand til P2 Skjeggedal: 33 km

Sundal Camping

Velkomen til gode opplevingar på Sundal-Camping

Det naturlege utgangspunkt for ein skitur på Folgefonna, eller berre opplevinga ved å spasere i den vakre naturen. Bondhusdalen, Folgefonna Nasjonalpark, Bondhusbrea.

Utleige av kano, båtar med og utan motorar. Stor gjestehavn. Gode tilhøve for fiske etter laks og sjøaure. Godt fjordfiske.

Foto: Marius-Dobilas

Røldal:
Avstand til P2 Skjeggedal: 46 km

Hordatun Hotel

Hordatun Hotel tilbyr overnatting i Røldal i store velutstyrte leiligheiter og romslege hotellrom. Den naturlege stoppestaden mellom aust- og vestlandet langs E134 over Haukeli!

Hotellet ligg midt mellom Røldal bygdesentrum og Røldal skisenter og har fantastisk utsikt over Røldalsvatnet.

Foto: Hordatun Hotel

Røldal Hyttegrend Camping & Caravan

Røldal er eit ypparleg utgangspunkt for fjellturar på Hardangervidda, rundtur med bil i Hardanger, Ryfylke og Sunnhordaland. Røldal Hyttegrend Camping & Caravan ligg i vakre og rolege omgjevnadar. Sentralt i særprega bygdemiljø i Røldal, berre 200 meter forbi Røldal stavkyrkje.

Foto: Røldal Hyttegrend Camping & Caravan

Saltvold Camping

Saltvold Camping finn du midt i bygda, like før Røldal Stavkyrkje. Heilårsope, 12 rom/hytter, god kapasitet, 80 straumuttak, vinterisolerte hytter og nyoppussa sanitæranlegg.

Foto: Saltvold Camping

Seim Camping

Seim Camping ligg på garden Seim, ved enden av Røldalsvatnet midt i fjellbygda Røldal. Plassen er roleg og familievenleg og har fin utsikt mot vatnet og fjella rundt. Campingplassen har også eigen strandlinje ca 100m frå garden med høve for fiske og bading.

På Seim Camping har me tre nye velutstyrte heilårs-hytter bygde i 2006, og fire enkle campinghytter til sommarbruk.

Foto: Seim Camping

Skysstasjonen Røldal – Kro & Hytter

Røldal er ei fjellbygd, 400 m.o.h. Herfrå kan du gå vakre fjellturar, fiska i fjellet eller i Røldalsvatnet. Og du har fire fjordar å velgja mellom, du køyrer gjennom vakre dalar og over ville fjell. Det er 45 km til: Saudafjorden, Hardangerfjorden, Åkrafjorden, Hyllsfjorden.

hytter med dusj, toalett og tv.
overnatting og utleige av «Lavvu»
kafé med alle rettigheiter på plassen.
lunsj og middag for bussgrupper.

Om vinteren:
kanefart og hundespann etter avtale.
10 minutt køyring til Røldal Skisenter.

100 meter frå Skysstasjonen ligg hyttekomplekset Røldalstunet. Egna plass til kurs m/ kapasitet til 22 senger og 16 sitjeplasser. Består av Stovo, Eldhuset og Løo.

Foto: Skysstasjonen Røldal

Lofthus:
Avstand til P2 Skjeggedal: 33 km

NB! Ny bussrute frå Lofthus til P2 Skjeggedal 15.6.–15.8.23.
For meir informasjon, sjå her

Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang ligg vakkert til ved fjordkanten i Lofthus, midt i Noregs største frukthage.   Det tradisjonsrike hotellet er omkransa av eit majestetisk fjordlandskap og eigd og drive av same familie gjennom fem generasjonar. Edvard Grieg var stamjest på hotellet og blei inspirert av den mektige utsikta over Hardangerfjorden mot isbreen Folgefonna.

Foto: Hotel Ullensvang

Kinsarvik:
Avstand til P2 Skjeggedal: 42 km

First Hotel Kinsarvik

First Hotel Kinsarvik ligg sentralt i bygda Kinsarvik med utsikt over Hardangerfjorden. Hotellet har til saman 70 rom, av desse er 8 deluxe rom og ein suite. 39 rom har eigen balkong, halvparten av romma har utsikt mot fjorden og resten av romma har utsikt mot Husedalen og fjella som omkransar Kinsarvik. Det er salong, bar med terasse, restaurant, og uteservering. Om sommaren er det stort leikerom for barna.

Foto: First Hotel Kinsarvik

Kinsarvik Camping

Vi tilbyr ein moderne campingplass med 25 hytter av ulik standard, 4 – 8 senger, fra de helt enkle til enheter med dusj, toalett og badstu.
De fleste med vakker utsikt over Hardangerfjorden.

Foto: Kinsarvik Camping

Utne:
Avstand til P2 Skjeggedal: 58 km

Utne Hotel

Utne Hotel, er eit av Norges eldste hotell i kontinuerlig drift, med bevilling sidan 1722. Sersjant Børsem fekk i 1722, som delbetaling etter den store Nordiske Krigen, bevilling til å drive gjestgiveri av kong Christian VII. I 1787 overtok slekta, som hadde hotellet fram til utgongen av 1995. Torbjørg Utne (1812-1903) kjent som «Mor Utne», gav hotellet det særpreget det har i dag. Som konsul Parr slo fast på midten av 1800 talet: «Dette er de bedste Quarter i landet». Hotellet er nyrestaurert vinteren 2003/04, er svært godt bevart og er eit intimt og spesielt hotell med personlig atmosfære.

Foto: Utne Hotel

Jondal:
Avstand til P2 Skjeggedal: 52 km

Hardanger House

Hardanger House i Jondal er eit nytt hotell med Hardangerfjorden, Folgefonna og majestetiske vestlandsfjell som nærmaste nabo. Designhotellet har ni rom – alle med møblert terrasse og nydeleg utsikt til fjorden.

Hardanger House og Jondal er eit godt utgangspunkt for aktivitetar i regionen heile året.

Med vakker natur, trygge omgjevnader, treningsrom med badstuer, god lokalmat og eit rikt utval av vin frå anerkjende produsentar, ligg alt til rette for eit fint opphald i regionen.

Foto: Hardanger House