Backpack and hiking boots

Utstyr til fjellheimen

Vêret i høgfjellet kan skifte raskt, og det er alltid kaldare på fjellet enn ved fjorden. Sjekk alltid vêrmeldinga før start. Gå ikkje turen i kraftig regn, sterk vind eller tåke. Kvart år er det redningsaksjonar for turgåarar som er dårleg utstyrte eller utilstrekkeleg førebudde. Sørg for at du ikkje blir ein del av ulykkesstatistikken!

Her er minstekrav til utstyr i fjellheimen vår: vasstette fjellstøvlar, varm genser, vind- og vasstette klede, lue, hanskar eller vottar, klesskifte, solbriller og solkrem, hovudlykt, rikeleg med mat og drikke, førstehjelpsutstyr og fjellduk til naudly.

Du kan leige turutstyr hos Trolltunga Active i Skjeggedal og på Turistinformasjonen i Odda. Kontakt Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting: tourist@ullensvang.kommune.no

Gode råd for fjellturen

ALLTID

  • Ta med rikeleg med mat og drikke.
  • Ta med klesskifte og vind- og vasstette klede.
  • Hald dykk saman – la ikkje nokon vandre på eiga hand.
  • Ta vare på naturen vår! Ver venleg å ta med deg alt bosset ditt frå turen, og kast det i bossdunkane på parkeringsplassen. Små bossposar får du hjå bussjåføren.
  • Sørg for at teltleir og toalettbesøk er nedanfor stien og i god avstand frå bekkar og vatn.

Aldri

  • Droneflyging langs stien til Trolltunga er forbode.
  • Fest ikkje klistremerke på skilt eller informasjonstavler. Informasjonen er livsviktig for alle turgåarar.
  • Tenn ikkje bål mellom 15. april og 15. september.
  • Unngå forureining av bekkar og vatn!
  • Det er forbod mot camping ved parkeringsplassane.
Trolltunga Hiking season safety wheel
Trolltunga 28 km from P2. Duration: 8-12 hours. Ascent: 800m

Videos:

Turen til Trolltunga – tryggleik er viktigast:

Utstyrsliste til sommarturen:

Dei vanlegaste fjellfeil:

2 woman on trail to Trolltunga

© lkoimagess / Shutterstock.com