Trolltunga Via Ferrata

Trolltunga Via Ferrata © Algirdas Zabitis / Trolltunga Active

Trolltunga Via Ferrata

Vil du ha ei spektakulær oppleving? Då er Trolltunga Via Ferrata perfekt! Vi klatrar den 250-meter lange Via Ferrata-ruta, før vi går dei siste 3 km fram til sjølve Trolltunga. Turen ned att går via Trolltunga-stien.

På denne turen får du verkeleg oppleva den vakre naturen og kjenna adrenalinet pumpa i kroppen.

Via ferrata betyr jernveg på italiensk og er ei form for fjellklatring der du er trygt festa til ein vaier heile vegen opp langs fjellsida. Du treng ikkje ha tidlegare klatreerfaring. Utsikta frå Trolltunga Via Ferrata er ekstrem!

Etter å ha klatra den 250 meter lange Trolltunga Via Ferrata går du ca. 3 km langs Trolltunga-stien før du kjem til Trolltunga, Noreg sitt mest spektakulære utsiktspunkt! Her er det berre å finna fram kameraet og nyta den vakre utsikta. Tilbaketuren går langs den normale Trolltungastien.
8–12 timar. 24–28 km. Høgdeskilnad: 800 m.

Praktisk informasjon

Møtestad: Trolltunga Active sin butikk i Skjeggedal, ca. 15 km frå Odda (Sjå kart her)
Ein erfaren guide er med deg på heile turen.
Klatreutstyr er inkludert i prisen.
Minimum: 2 personar.
Maksimum vekt: 120 kg
Minimum vekt: 40 kg

Dette er ein avansert tur med klatring og bratte stigningar, men det er ikkje behov for tidlegare klatreerfaring. Du kan gå på denne turen dersom du er i normal god form og over 15 år. Returen frå Trolltunga går på den normale Trolltunga-stien.

Vêret på Trolltunga kan skifta raskt, det er derfor viktig at du er førebudd i samsvar med utstyrslista. Det er òg viktig at du er i god nok form til turen.

Informasjonsmøte på Trolltunga Hotel i Odda
Vi oppmodar deg til å bli med på Trolltunga Active sitt informasjonsmøte på Trolltunga Hotel i Odda klokka 21:00 kvelden før turen. (Sjå kart her).  Guidane vil informera deg om turen, nødvendig utstyr, vêrmelding og meir.

Bestilling
Turen kan du bestilla hos Trolltunga-Active. Turen kan òg gjerast som overnattingstur.

Transport og parkering
Informasjon om transport med buss frå Odda til P2 Skjeggedal eller parkering på P2 i Skjeggedal finn du HER

Trolltunga Via Ferrata © Algirdas Zabitis / Trolltunga Active

Haust på Trolltunga Via Ferrata © Algirdas Zabitis / Trolltunga Active

Dette har du på deg:

  • Ullsokker og ullundertøy
  • Vind- og vasstett jakke og turbukse, Gore-Tex blir tilrådd
  • Hansker
  • Vanntette fjellstøvlar
  • Caps
  • Solbriller og solkrem

Ta med deg ein sekk på minimum 35 l med:

  • Lua som dekker ørane
  • Varme hanskar/vottar
  • Ekstra ullsokkar
  • Ekstra varme klede (ull blir tilrådde, det held deg varm sjølv om du skulle bli våt)
  • Mat for 8–12 timar
  • Minst 1,5 liter med vatn/drikke
  • Snacks/sjokolade