Trolltunga Ziplines

Trolltunga Ziplines © Vegard Breie / Visit Hardangerfjord

Opplev Trolltunga Ziplines! Kjenn pulsen stiga og opplev skikkeleg action i det vakre landskapet rundt Trolltunga. Dette er ein aktivitet som gjev deg eit skikkeleg adrenalinkick. Nyt utsikta medan du svevar nedover fjellsida.

Turen startar frå Skjeggedal med ein 7 kilometer lang sykkeltur langs Ringedalsdammen. Turen held så fram til fots ca. ein halv kilometer oppover fjellet. Her blir det ein kort lunsjpause før ferda går vidare gjennom lufta med tre ulike zipliner med ei total lengde på over 600 meter. Du får på deg ein sele som blir festa til vaieren og på den måten kan du trygt sveva nedover ziplinene. Høgdeforskjellen mellom topp og botn er 200 meter og utsikta over Ringedalsvatnet er fantastisk. Dei tre ziplinene tar deg med tilbake til Ringedalsdammen.

Dersom du ønsker å kombinera ein tur til Trolltunga med litt meir action neste dag, er denne turen midt i blinken for deg. Med Trolltunga Ziplines får du ein spennande dag saman med familie eller vener.

Praktisk informasjon

  • Møtestad: Trolltunga Active sin butikk i Skjeggedal, ca. 15 km frå Odda (Sjå kart her)
  • Aldersgrense: Barn 12-15 år i følgje med vaksen
  • Fysiske krav: God helse og kondisjon, øvre vektgrense er 110 kg
  • Prisen inkluderer alt av nødvendig klatreutstyr, og dessutan leige av sykkel
  • Profesjonelle guidar er med på heile turen.
  • Vêr merksam på at denne turen ikkje går til Trolltunga.

Vêret på Trolltunga kan skifta raskt, det er derfor viktig at du er førebudd i samsvar med utstyrslista. Det er òg viktig at du er i god nok form til turen.

Informasjonsmøte på Trolltunga Hotel i Odda
Vi oppmodar deg til å bli med på Trolltunga Active sitt informasjonsmøte på Trolltunga Hotel i Odda klokka 21:00 kvelden før turen. (Sjå kart her).  Guidane vil informera deg om turen, nødvendig utstyr, vêrmelding og meir.

Bestilling
Turen kan du bestilla hos Trolltunga-Active.

Transport og parkering
Informasjon om transport med buss frå Odda til P2 Skjeggedal eller parkering på P2 i Skjeggedal finn du HER

Velkommen til ein morosam og spennande dag i fantastisk natur!

Trolltunga Zipline © Vegard Breie / Visit Hardangerfjord

Trolltunga Zipline © Vegard Breie / Visit Hardangerfjord

Trolltunga Zipline © Trolltunga Active

Dette har du på deg:

  • Ullsokker og ullundertøy
  • Vind- og vasstett jakke og turbukse, Gore-Tex blir tilrådd
  • Hansker
  • Vanntette fjellstøvlar
  • Caps
  • Solbriller og solkrem

Ta med deg ein sekk på minimum 35 l med:

  • Lua som dekker ørane
  • Varme hanskar/vottar
  • Ekstra ullsokkar
  • Ekstra varme klede (ull blir anbefalt, det held deg varm sjølv om du skulle bli våt)
  • Mat for 4–5 timar
  • Vatn/drikke
  • Snacks/sjokolade