Om Trolltunga AS
Målet vårt er å sikre at kvar turgåar får ei minneverdig oppleving av Trolltunga. Vi er kompromisslause både når det gjeld tryggleiken til alle som ferdast i høgfjellet og når det gjeld arbeidet med å ta vare på den storslåtte, men sårbare fjellheimen vår.
Vi driv fjellvakttenester og held ved like to redningshytter, lagar turløyper og har utforma informasjonstavler som skal gi innsikt og forsterke opplevinga. Vi står òg for vedlikehald av toaletta ved parkeringsplassane og den 6 km lange Skjeggedalsvegen.
På heimesida vår publiserer vi oppdatert informasjon om løypeforhold og vêr – med klare åtvaringar om når du bør unngå høgfjellet, eller berre vandre saman med ein erfaren guide.
Vi administrerer òg parkeringsplassane ved hovudløypa, og hjelper til med å organisere skyttelbussane. Midlane frå parkeringsavgifta går til arbeidet med å sikre at alle turgåarar får ein trygg og minneverdig tur til Trolltunga.
Trolltunga AS er ein ideell organisasjon som er etablert av den lokale kommunen.