Fjellturen til Trolltunga

Turen opp til Trolltunga går for det meste i høgfjellsterreng og er lang og krevjande. Men du får løn for strevet – der oppe ventar eit praktfullt utsyn.

© Shutterstock.com / Riccardo Zambelloni

Trolltunga tur – eit spektakulært turmål

Turen til Trolltunga er lang og krevjande. Om sommaren kan erfarne turgåarar gå utan guide, men det tryggaste alternativet er å bli med på ein guida tur, og du må vere i god form.

Viss du startar fotturen frå parkeringsplassen P2 i Skjeggedal, brukar du 8–12 timar med pausar på den 27 km lange rundturen til Trolltunga – 13,5 km kvar veg, og høgdeskilnaden er over 1200 meter. Start tidleg på morgonen, slik at du kjem ned att før det blir mørkt.

Med bil køyrer du Rv13 til Tyssedal og følger skiltinga til P2 Skjeggedal, der det er parkering mot avgift. Du kan òg ta skyttelbussen frå Odda. Tar du bussen heilt opp til den øvre parkeringsplassen, P3 Mågelitopp, eller har reservert ein av dei få parkeringsplassane der, er turen til Trolltunga kortare. Herifrå bør du rekne 7–10 timar for den 20 km lange rundturen.

Teksten held fram under kartet.

Fjellturen til Trolltunga

Dei første bratte stigningane
Frå P2 Skjeggedal går du den smale asfalterte vegen som slyngar seg oppover til P3 Mågelitopp, som ligg 400 meter høgare. Denne første etappen er 4,3 km lang og tar kanskje litt meir enn ein time. Om du startar fjellturen frå P3, sparer du sjølvsagt både tid og krefter!

No er du klar til å ta fatt på sjølve fjellstien – og det er temmeleg nøyaktig ei mil til du er framme ved Trolltunga.

Bru ved Mågelitopp. Foto: Aase Marie Evjen.

Bru ved Mågelitopp. Foto: Åse Marie Evjen.

Stien er godt merkt, startar i jamt terreng og følger eit høgt dalføre. Etter trekvarters gange klatrar du bratt opp ein fjellskråning til Gryteskaret. Dette blir rekna som ein av dei mest krevjande strekningane på Trolltunga-turen. Etter kvart får du eit storslått utsyn.

Gryteskar. Eva Lovaas

Gryteskaret er truleg den mest utfordrande delen av turen til Trolltunga. Foto: Eva Løvaas.


Ovst i Gryteskaret finn du denne fem meter hoge kampesteinen! Foto: Gun Evjen Koch.

Øvst i Gryteskaret finn du denne fem meter høge kampesteinen! Foto: Gun Evjen Koch.

Ein graskledd dal
Endå ei bratt stigning fører deg opp til Trombeskar og ein vakker dal som er populær blant turgåarar som overnattar i telt. Stien snor seg rundt eit lite vatn, før du får ei kjærkommen nedstigning til Store Floren. Ei fantastisk utsikt opnar seg over Ringedalsvatnet som ligg langt nede i dalen under deg. Dette er ein perfekt stad for ein pause og ein matbit, og kan hende det er på tide å fylle vassflaska i ein av bekkane her.

Tina og Olav ved Ringedalsvatnet. Foto: Aase Marie Evjen

Ta deg ein pause og nyt den fantastiske utsikta over Ringedalsvatnet. Foto: Åse Marie Evjen.

Minne om hestar …
Stien til Trolltunga følger ein eldgammal fartsåre mellom Vestlandet og Austlandet over Hardangervidda. Namnet Store Floren fortel at bønder brukte området som sommarbeite for husdyra sine. Du kan sjå restar av dei gamle stallane. Då vasskraftanlegga vart bygd i Tyssedal og fjella ovanfor tidleg på 1900-talet, vart hestar brukte til å transportera materiale og til å hjelpe til med det tyngste arbeidet.

På Store Floren ligg ei redningshytte. Her kan du søke ly i tilfelle storm eller annan naudsituasjon. I redningshytta finn du soveposar og tepper og proviant.

Det er òg ei redningshytte høgare oppe, på Endåen.

Redningshytta ved Store Floren.

Redningshytta Floren. Her kan du soke ly i tilfelle storm eller annan naudsituasjon. I redningshytta finn du soveposar og tepper og proviant. Det er òg ei redningshytte høgare oppe, på Endåen. Nødnummer 112. Foto: Åse Marie Evjen

Snø i slutten av juni
Etter å ha nådd fjellplatået og ei høgd på 900 meter, blir terrenget slakare, sjølv om det framleis er ujamt nok til at det blir mange små opp- og nedstigningar. Likevel er den store stigninga unnagjort.

Sjølv mot slutten av juni kan det vere snø i fjellet, og du må nok krysse nokre smeltevasstraumar – heldigvis er det gode bruer over kvar av dei. Du finn òg ein foss her oppe.

Turen held fram via Hestaflåene, der det ein gong gjekk hestar på beite. Du bør nytte bruene til å krysse Endåen og dei andre elvene, uansett om elvefara er tørre. Det er viktig at du held deg på stien for å unngå å skade den sårbare alpine vegetasjonen!

Sjolv langt ut i juni kan det vere sno i fjellet. Hugs aa ta med solbriller og solkrem med høg solfaktor! Foto: Aase Marie Evjen.

Sjølv langt ut i juni kan det vere snø i fjellet. Hugs å ta med solbriller og solkrem med hog solfaktor! Foto: Åse Marie Evjen.

Minne om ein foss …
Stien klatrar igjen bratt oppover til Endanuten. Ved Tyssehøl kryssar du eit elveleie som ein gong førte vatn til Tyssestrengene. Denne tvillingfossen var Noregs høgaste og ein av dei vakraste fossane i Europa, med 312 meter fritt fall og ei total fallhøgde på 646 meter. På 1800-talet var fossen ein av dei fremste turistattraksjonane i landet. Men i 1967 vart Tyssestrengene tørrlagde når vatnet vart avleidd til Tysso II, eit kraftverk bygd djupt inne i fjellet nede i Skjeggedal. Du passerer òg ei demning – og overraskande nok er det ei fin strand her oppe. Frå dammen blir vatn no leidd inn i tunnelar og ned til turbinane i Tysso II.

Hald deg unna kanten!
Litt lenger framme smalnar stien, og du bør vere ekstra merksam på klippekanten og det høge fallet. Plutseleg kjem Trolltunga til syne!

Dette er ein av dei mest imponerande fjellformasjonane i verda, ein utstikkar som er heva 700 meter over Ringedalsvatnet. Spesielt på godvêrsdagar er det kø for å klatre ned på sjølve Trolltunga – og ta bilete som fangar augneblinken. Om ikkje du har følgje på fjellturen din, er det berre å be nokon om å ta ditt bilete, og du kan tilby å ta deira.

Fire jernstegtrinn gjer det enkelt å klatra ned på Trolltunga. Mens du ventar på tur, kan du slokke tørsten, ta deg ein matbit og bli kjent med andre som har tatt turen opp hit. Kan hende dei har interessante historier å fortelje og gode tips om fleire attraksjonar i nærleiken.

Hald deg minst eit par meter frå klippekanten. Eit fall her vil vere dødeleg.

Trolltunga er ein av dei mest imponerande fjellformasjonane i verda! Foto: Trolltunga AS.

Trolltunga er ein av dei mest imponerande fjellformasjonane i verda! Foto: Trolltunga AS.


Tina på Trolltunga

Du kan òg få nokon til å ta eit bilde av deg med Trolltunga i bakgrunnen. Den perfekte augneblinken er når nokon nett har klatra opp frå Trolltunga. Foto: Åse Marie Evjen.

Du kan òg få nokon til å ta eit bilde av deg med Trolltunga i bakgrunnen. Den perfekte augneblinken er når nokon nett har klatra opp frå Trolltunga. Foto: Åse Marie Evjen.

Ver merksam på heimturen!
Turen ned att vil ta kortare tid. Men sørg for at du startar tidleg nok til å komme deg ned før mørket, og hald deg alltid på stien. I regnvêr kan det våte berget vere glatt. Sjølv om du er sliten, er det viktig å halde fokus på kvart steg du tar.

Monge Trolltunga-opplevingar

Du har fleire alternativ når du vil oppleve Trolltunga:

Stien til Trolltunga

Dei fleste vel ein dagstur og startar frå P2 Skjeggedal eller P3 Mågelitopp. I månadene juni–september kan erfarne turgåarar gå på eiga hand.

Dagstur med guide til Trolltunga

Vi tilrår å vandre med guide, med mindre du har gått mykje i den norske fjellheimen. Guiden vil sørgje for at du får ein trygg og minneverdig oppleving!

Trolltunga Via Ferrata

Vil du ha ein meir utfordrande oppleving? Då er Trolltunga Via Ferrata perfekt! Vi syklar 6 km langs Ringedalsvatnet, og klatrar 250 meter Via Ferrata-ruten, før vi går dei siste 3 km fram til sjølve Trolltunga. Turen ned att går via Trolltunga-stien

Du kan kombinere Trolltunga Via Ferrata med overnatting i leir på fjellet.

Guida fjelltur – og ei natt på fjellet

Både Trolltunga Active og Trolltunga Adventures byr på guida Trolltunga-tur med overnatting i ein flott leir på fjellet. Opplev naturen med alle sansar, høyr guidane fortelje historier rundt bålet, og nyt tradisjonsrik lokalmat!

Camping på eige hand

Kan hende du vil ta deg meir tid til å nyte den vakre fjellheimen vår? Vær vennlig å lese retningslinja for camping på fjellet. Slå opp teltet berre på plasser som er merkte med at dette er tillate – og la det ikkje vere spor igjen etter deg!

Det kan vera tungt å bere alt utstyret du treng. Viss du vel ein guida tur med overnatting, er alt du treng inkludert, også måltida i den flotte villmarksleiren.

 

For å sjå detaljar og fleire turtilbod, som til dømes vinterturar og langturar i fjellheimen, kan du besøke nettsidene til Trolltunga Active og Trolltunga Adventures.

Kor krevjande er turen til Trolltunga?

I Noreg og internasjonalt blir ein tur gradert etter kor vanskeleg han er: Lett, Middels, Krevjande eller Ekstra krevjande . Fordi turen er lengre enn 20 km blir Trolltunga automatisk gradert som Ekstra krevjande – sjølv om mange turvande nordmenn ikkje opplever turen som ekstra krevjande. Stien til Trolltunga er solid og i god stand. Men du må du vere i god form, vere uthalden og van med å ferdast i fjellheimen. Du må òg ha gode fjellstøvlar og klede i tilfelle regn og kulde – vêret skifter raskt i fjellet. Sørg for å ta med rikeleg med mat og drikke.

Trolltunga – ein av Noregs mest kjente attraksjonar

Graph showing visiting numbers from 2010 (800) to 2020 (36500)

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Besøkstala våre taler for seg sjølv. Det siste tiåret har det årlege talet på turistar auka frå under tusen til meir enn 80 000 turgåarar pr. år. I 2020 var det litt under halvparten så mange på Trolltunga. Grunna koronaviruset vert det truleg reduserte tal i 2021 òg. Vi oppmodar alle som lengtar til fjells om å ta turen til den storslåtte fjellhylla i år.

Viktige lenker

Ver merksam på vêret på Trolltunga!

Sjekk alltid vêrvarslinga før du tar fatt på turen opp til Trolltunga. Hugs at du sjølv på ein solrik sommardag må du ta med varme og vasstette klede – vêret kan skifte brått. Sjå våre turtips og forslag til utstyr.

Videoar

Turen til Trolltunga – tryggleik er viktigast:

Når er det best?

Nesten heile året kan du dra på tur til Trolltunga.

1. juni – 30. september:

Guide er tilrådeleg. Erfarne turgåarar kan gå utan.

1. oktober – 31. mai:

Du bør berre gå med guide!

Vêret i høgfjellet kan skifte raskt. Sjekk vêrmeldinga før start.
Du må tilpasse førebuingane og utstyret du tar med.

Queue of people waiting to taka a photo at Trolltunga

© Scott Sporleder / Matador Network / Fjord Norway