Skip to main content

Velkomen til Hardanger, vandreparadiset i Noreg.

Vis omsyn ved å følgje desse enkle råda og påboda. Slik sørgjer du for at besøket ditt ikkje reduserer opplevinga for andre.

  1. BRUK TILRETTELAGDE OMRÅDE FOR CAMPING
    Her gjeld ikkje allemannsretten: tettbygde strøk, rasteplassar, parkar og parkeringsplassar.
  2. SKJUL SPORA DINE
    Unngå å lage merke i naturen som vardar, teltringar og liknande. Lat dei som kjem etter deg, få ei like fin oppleving som deg.
  3. FØLG STIEN, OG UNNGÅ AT NYE STIAR OPPSTÅR
  4. KAST AVFALLET I SØPPELDUNKEN
    Er du i eit område der dunkar ikkje finst, må du sjølv ta med avfallet til eigna mottak.
  5. BRUK ETABLERTE TOALETT
    Om dette ikkje er mogleg, grav eit hol i bakken. Unngå bruk av våtserviettar sidan dei har lang nedbrytingstid.
  6. RESPEKTER PRIVAT EIGEDOM
    Det er ikkje tillate å telte i utmark nærare enn 150 meter frå hus eller hytter. Telting på innmark kan berre skje etter avtale med grunneigar.
  7. VIS OMSYN I TRAFIKKEN
    Vegane i Hardanger er smale, og mange er på farten. Hald god avstand ved forbikøyring av syklistar, og ver særleg merksam på syklistar i tunnelane.
  8. BÅLFORBOD
    Frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt forbod mot bålbrenning og bruk av open eld. Bruk etablerte bålplassar og forviss deg om at det ikkje er fare for brann.
  9. VIS RESPEKT FOR DYRE- OG FUGLELIV
    Uro ikkje viltet. Hugs bandtvang for hundar.
  10. I DI EIGA OG MILJØET SI INTERESSE,
    tilrår me organiserte aktivitetar i regi av aktivitetsverksemder. Du finn ei oversikt over desse på www.hardangerfjord.com
    Velkomen tilbake!